Kongsgård Kalkulator

Kongsgård Kalkulator Klubb (K3) er for alle elevar (og lærarar) som har interesse for straumlineforma kvite plastsaker med knottar på og elektronikk i.

Klubben er open for alle, berre dei har Casio-kalkulator (CFX-9850GB PLUS eller CFX-9950GB PLUS) og kan skriva nynorsk. Klubben er leia av tre oligarkar (oligarki - fåmannsvelde); Henrik, Fredrik og Trygve i 2C, og har som mål å spreia glede og åtgaum om Casio-kraftpakkane. Klubben har laga særeigne program på kalkulatoren som: "Poker", "Speleautomat", "Roulette", "Nebbsildspel", "Slagskip", "Sjakklokke", "Orm" ("Snake") og timeplan.

Dei fleste av programma kan lastast ned frå heimesida vår: www.kalkulator.cjb.net, eller overførast ved å nytta K3 sine linkkablar, som kan lånast av alle medlemmane.

Er du interessert? Ta kontakt med Oligarkane!

PER CASIO AD ASTRA!


Tilbake
Håkon VII's g. 4, 4001 STAVANGER, Tlf. 51846300, epost